Jernbane.net

Velkommen! Logg Inn Opprett en ny profil

Avansert
Støtt oss
[NO] Gamle Vossebanen, Bergensbanen og økt sikkerhet



avatar
Jernbane.Net
[NO] Gamle Vossebanen, Bergensbanen og økt sikkerhet
02. March 2021, kl. 08:30
Gamle Vossebanen har forbindelse med det nasjonale jernbanenettet ved sin forbindelse til Bergensbanen. En banestrekning som er fredet kulturminne og en travel nasjonal hovedstrekning må ha sikre barrierer. Bane NOR har fått tillatelse til å installere moderne sikringsteknikk der banene er knyttet sammen. Tillatelsen viser hvordan man kan forene ivaretakelse av kulturminne og den moderne tiden.

--------

Vedtak om dispensasjon etter kulturminneloven § 15a - Gamle Vossebanen -
Askeladden ID 229139 - Bergen kommune - Tiltak ved sporvekselen mot
Bergensbanen


Vi viser til søknad datert 26.mai 2020 om dispensasjon frå freding av Gamle Vossebanen,
Askeladden ID 229139, Bergen kommune, Vestland fylke. Det vert søkt om dispensasjon etter
kulturminnelova § 15a for etablering av kum, føringsveg, akselteller, skilt, teknisk bygg og baliser,
for sikker kopling mellom Gamle Vossebanen og Bergensbanen.

Vedtak

Vestland fylkeskommune gjer vedtak om dispensasjon til å gjennomføre desse tiltaka, slik dei er
skildra i søknad av 26.mai 2020:

 Etablering av kum og føringsveg
 Montering av akselteller
 Etablering av teknisk bygg
 Etablering av skilt på to stader
 Montering av baliser

Vilkår
Arbeidet skal utførast med material og metodar som er i tråd med kulturminnet sin eigenart.
Når arbeidet er ferdig, skal du sende inn dokumentasjon som viser korleis arbeidet er blitt utført, og
det endelege resultatet.

Løyvet er gyldig i 3 år etter at du har motteke dette vedtaket.
Grunngjeving for vedtaket

Etter kulturminnelova § 15a kan departementet i særleg tilfelle gjere unntak frå vedtak om freding
og fredingsføresegner for tiltak som ikkje medfører vesentlege inngrep i det freda kulturminnet.
Fylkeskommunen/Sametinget er rette styresmakt til å vurdere om det skal gis dispensasjon, jf.
forskrift om fastsetting av myndighet mv. etter kulturminneloven §§ 3 (4) og 4.

Gamle Vossebanen er freda etter kulturminnelova § 22a, jf. § 15a, i vedtak av 15.september 2016.
Formålet med fredinga av Gamle Vossebanen er å sikre og bevare jernbanestrekninga frå Midttun
til Trengereid. Dei jernbanetekniske karakteristika, bygningar og element som høyrer med på
strekninga som er omfatta av fredning, er opplista i vedtaket og er merka på eige kartvedlegg.

Dei omsøkte tiltaka vil skape ei teknisk god kopling der sporet til Gamle Vossebanen møter
Bergensbanen sitt spor. Tiltaket vil vere ei utbetring for å møte tekniske krav og auka tryggleik.
Tiltaket vil også gjere det mogeleg å bruke jernbanesporet til Gamle Vossebanen til vedlikehald og
reparasjonar langs traséen. Desse høva gjer at det ligg føre eit særleg tilfelle.
Eitt av tiltaka har ein materiell påverknad på banelekamen – kum og føringsveg krev inngrep og
tilbakeføring i underbygning/fyllingsfot. Påmontering av akselteller og baliser er reversible
påmonteringar. Etablering av skilt og teknisk bygg har ikkje materiell påverknad på banelekamen,
men skal skje inntil og i nærleiken av sporet. Søknaden gjer godt greie for tiltaka sin plassering,
følgjene av tiltaka og påverknaden på Gamle Vossebanen som kulturminne med nasjonal verdi.
Alternative løysingar og plasseringar er vurdert.

Samla sett har tiltaka liten påverknad på kunnskapsverdiane. Tiltaka er av jernbaneteknisk
karakter, og vil ikkje være framandelement i opplevinga av Gamle Vossebanen som kulturminne
av nasjonal verdi. Bevaringstilhøva for Gamle Vossebanen vil verte betra som følgje av tiltaket, ved
at vedlikehaldstiltak kan få tilkomst frå Bergensbanen. Vi sluttar oss til dei konkrete plasseringane
og utformingane som er foreslått for tiltaka, som vist i søknad.

Dei omsøkte tiltaka er ikkje enkeltvis eller i sum vesentleg, og er ikkje i konflikt med
fredingsformålet. Tiltaka vert godkjent som omsøkt i søknad av 26.mai 2020.

---------



#Jernbanenytt
#jernbane
#jernbane.net
@jernbane.net


Beklager, du har ikke tillatelse til å legge inn / svare i dette forumet.