Jernbane.net

Velkommen! Logg Inn Opprett en ny profil

Avansert
Støtt oss
[NO] Foreslår oppstart for Bergen–Fløen og Nygårdstangen godsterminal allereie hausten 2021



avatar
Jernbane.Net
[NO] Foreslår oppstart for Bergen–Fløen og Nygårdstangen godsterminal allereie hausten 2021
11. May 2021, kl. 15:22
For at passasjerar og næringsliv skal få effekt av dobbeltsporet som nye og gamle Ulriken tunnel utgjer mellom Arna og Fløen, er det òg naudsynt å bygge dobbeltspor mellom Fløen og Bergen stasjon. I tillegg har Nygårdstangen godsterminal behov for modernisering, slik at terminalen kan handtere framtidig auke i godstrafikk på bane. Planlegginga av prosjektet har gått raskare enn føresett, slik at det blir mogleg å inngå kontraktar allereie denne hausten, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Regjeringa foreslår å starte opp prosjektet Bergen–Fløen og Nygårdstangen godsterminal innanfor ei kostnadsramme på drygt 4 milliardar kroner. Ved å inngå kontrakt med entreprenørar hausten 2021 og starte anleggsarbeida tidleg i 2022, er det mogleg å framskunde gjennomføringa av prosjektet. Utgifter til prosjektet i 2021 skal dekkast innafor gjeldande løyving til jernbaneformål.

Betre togtilbod, betre driftsstabilitet og auka kapasitet
Etter planen skal prosjektet vere ferdig i 2025. Det vil då vere samanhengande dobbeltspor frå Arna til Bergen stasjon. Dette gjer det mogleg å gå frå halvtimesruter til kvartersruter for lokaltoga mellom Bergen og Arna. I tillegg bidrar prosjektet til betre driftsstabilitet for person- og godstogtrafikk ut og inn av Bergen.

Styrkjer konkurransekrafta til godstransport på bane
Nygårdstangen godsterminal er Noregs nest største, etter Alnabru i Oslo. Moderniseringa vil gi ein meir effektiv terminal, lågare kostnader for godstransport, høgare kapasitet, og det vil ta lengre tid før kapasitetsgrensa blir nådd.

– Moderniseringa av Nygårdstangen gjer den i realiteten til ein heilt ny godsterminal, som vil kunne handtere om lag 50 prosent meir gods enn i dag. Meir effektiv terminaldrift legg òg til rette for lågare kostnader for godsselskapa, slik at konkurransekrafta til klimavennleg godstransport på jernbane blir styrkt, seier samferdselsministeren.

Om prosjektet
Prosjektet Bergen–Fløen og Nygårdstangen godsterminal omfattar 1,3 km med nytt dobbeltspor frå Fløen til Bergen stasjon, oppgradering av eksisterande spor med nytt jernbaneteknisk anlegg, nytt signal- og sikringsanlegg, togparkering, og modernisering av Nygårdstangen godsterminal med auka kapasitet og tilgjenge.



Beklager, du har ikke tillatelse til å legge inn / svare i dette forumet.