Jernbane.net

Velkommen! Logg Inn Opprett en ny profil

Avansert
Støtt oss
[NO] Overfører Ringeriksbanen og E16 Høgkastet-Hønefoss til Nye Veier - tar sikte på å inngå rammeavtale i juni 2021



avatar
Jernbane.Net
[NO] Overfører Ringeriksbanen og E16 Høgkastet-Hønefoss til Nye Veier - tar sikte på å inngå rammeavtale i juni 2021
11. May 2021, kl. 15:25
Nye Veier har oppnådd vesentlege kostnadsreduksjonar på sine vegprosjekt. Selskapet har indikert at det er mogleg å ta ut effektiviseringsvinstar av fellesprosjektet. Når Nye Veier får ansvaret for Ringeriksbanen, vil selskapet kunne bidra til nye og smarte løysingar i jernbanesektoren, slik at vi får meir igjen for fellesskapets ressursar. Vi tar sikte på å skrive under på både ein rammeavtale og ein planleggingsavtale med Nye Veier i juni i år, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I Nasjonal transportplan 2022 – 2033 (NTP), som blei lagt fram i mars i år, varsla regjeringa ei mogleg overføring av fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 Høgkastet–Hønefoss frå Bane NOR og Statens vegvesen til Nye Veier AS. I tida etter har regjeringa vurdert spørsmålet om overføringa kan og bør gjennomførast. Avtalemessige, juridiske og andre rammevilkår har blitt vurdert.

– Ringeriksbanen kjem til å vere Noregs største jernbaneprosjekt. Da vi kom i regjering i 2013, hadde dette jernbaneprosjektet nærmest lege i dvale i fleire år. Vi satte fart på prosjektet igjen. No er det alvor, og Ringeriksbanen skal byggast. Raskare reisetid og auka frekvens mellom Oslo og Bergen vil styrkje konkurransekrafta til verksemdene mellom våre to største byar, mellom anna turistnæringa i Hallingdal, seier samferdselsminister Hareide.

Foreslår å stille planleggingsmidlar til disposisjon for Nye Veier

Regjeringa tar sikte på å inngå ein rammeavtale og ein planleggingsavtale for fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 Høgkastet–Hønefoss med Nye Veier i juni 2021. Dette gjer at prosjektorganisasjonen kan vere på plass ein gong over sommaren. Samferdselsdepartementet vil vere avtalepart for selskapet.

Som følgje av at Nye Veier skal overta fellesprosjektet, foreslår regjeringa å overføre delar av midlane som har blitt sette av til planlegging av fellesprosjektet på årets statsbudsjett. Det er tatt høgde for 170 millionar kroner til planlegging av dette formålet, og inntil 90 millionar kroner av desse midlane kan bli stilte til disposisjon for Nye Veier – avhengig av tidspunkt for overføring.

Målet er at Nye Veier kan optimalisere fellesprosjektet samanlikna med gjeldande kostnadsanslag, som i NTP er anslått til å koste 35,6 milliardar kroner i alt for veg og jernbane. Fram mot ein utbyggingsavtale er det samstundes behov for å vurdere framdrift og risikoen som selskapet tar på seg. Fellesprosjektet er samfunnsøkonomisk ulønsamt å realisere. Som følgje av at Nye Veier har krav om å prioritere prosjekt etter samfunnsøkonomisk lønsemd, legg regjeringa opp til å gi selskapet eigne vederlag for fellesprosjektet, i tillegg til dei faste, årlege vederlaga over statsbudsjettet.

I Nasjonal transportplan 2022–2033 er det lagt opp til anleggsstart for fellesprosjektet i første halvdel av planperioden. Regjeringa har i NTP òg gått inn for at Nye Veier overtar det tilgrensande vegprosjektet E16 Skaret–Høgkastet.

Naudsynt med avklaringar

Før planleggingsavtalen med Nye veier etter planen blir inngått i juni i år, vil Samferdselsdepartementet vurdere nærmare korleis overføringa av kompetanse frå Bane NOR og Statens vegvesen til Nye Veier skal gjennomførast. Fram mot ein utbyggingsavtale er det òg naudsynt å avklare mellom anna grenseflater mot Bane NOR, effektmåla for prosjektet og eventuelle endringar i reguleringsplanen.

Regjeringa legg til grunn at eigarskapen til Ringeriksplanen etter ferdigstilling, i tillegg til ansvar for drift og vedlikehald av strekninga, vil ligge hos Bane NOR.



Beklager, du har ikke tillatelse til å legge inn / svare i dette forumet.