Jernbane.net

Velkommen! Logg Inn Opprett en ny profil

Avansert
Støtt oss
[SEA] Fritak for Havila Kystruten AS (Havila)



avatar
Jernbane.Net
[SEA] Fritak for Havila Kystruten AS (Havila)
11. May 2021, kl. 22:23
Havila har fått fritak for å stille med erstatningsskip i Kystruteavtalen fram til våren 2022 etter nærare vilkår.

Havila sine fire kystruteskip er framleis under bygging ved verftet Tersan i Tyrkia, som har vorte hardt råka av koronapandemien. Slik det ser ut no, vil dei to første skipa vere klare til å segle i løpet av sommaren 2021 og dei to siste i løpet av våren neste år. På bakgrunn av koronasituasjonen har Havila bedt om å sleppe å skaffe erstatningsskip fram til alle fire skipa er klare.


- Sidan dei to første skipa til Havila vil ha tilnærma lik kapasitet for reisande og gods som blir kravd til alle fire skipa til Havila i kontrakten har regjeringa no avgjort at Havila ikkje treng å stille med erstatningsskip i Kystruteavtalen fram til våren 2022, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Havila treng ikkje stille erstatningsskip viss desse vilkåra blir oppfylt:

Om reiarlaget før 1. juli 2021 klarer å sannsynleggjere at dei to første skipa er klare for å segle i tredje kvartal 2021.
og deretter om reiarlaget innan utgangen av 2021 klarer å sannsynleggjere at dei to siste skipa blir seglingsklare innan 1. mai 2022.




Beklager, du har ikke tillatelse til å legge inn / svare i dette forumet.