Jernbane.net

Velkommen! Logg Inn Opprett en ny profil

Avansert
Støtt oss
[NO] Regjeringa sikrar fullføring av Gjellestadutgravinga



avatar
Jernbane.Net
[NO] Regjeringa sikrar fullføring av Gjellestadutgravinga
11. May 2021, kl. 22:25
Regjeringa foreslår å løyve 6,7 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett, slik at den arkeologiske undersøkinga av vikingskipet på Gjellestad kan fullførast.

Den arkeologiske utgravinga på Gjellestad i Halden er den første på over hundre år der eit gravskip frå vikingtida har blitt undersøkt. Utgravinga starta i 2020 etter at det blei påvist at bevaringsforholda og bevaringstilstanden for skipet var ekstremt dårlege.

På grunn av ekstratiltak i samband med koronasituasjonen kombinert med at funna i skipsgrava har vist seg å vere endå dårlegare bevarte enn forventa, har utgravingsprosjektet tatt meir tid enn planlagt. Den dårlege bevaringstilstanden har kravt større varsemd under utgraving, som igjen har hatt negativ verknad på framdrifta og økonomien i prosjektet. Prosjektet har som resultat blitt 6,7 millionar kroner dyrare enn forventa.

-Utgravinga av Gjellestadskipet er ei sjeldan historisk hending det er knytt stor merksemd og høge forventningar til både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Utan ekstra løyving til å fullføre prosjektet, vil vi miste mykje verdifull og uerstatteleg kunnskap. No er det viktig å fullføre prosjektet slik at innsatsen hittil ikkje har vore forgjeves, seier Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Utgiftene til den arkeologiske undersøkinga av Gjellestadskipet omfattar både sjølve utgravinga samt etterarbeid og konservering. Med regjeringas forslag til ekstraløyving i RNB kan utgravinga fullførast og dei arkeologiske funna dokumenterast og sikrast.




#Jernbanenytt
#jernbane
#jernbane.net
@jernbane.net


Beklager, du har ikke tillatelse til å legge inn / svare i dette forumet.