Jernbane.net

Velkommen! Logg Inn Opprett en ny profil

Avansert
Støtt oss
[NO] Grenland Rail sin avsporing mellom Elverum og Hamar. Rapport fra Havarikommisjonen



avatar
Jernbane.Net
[NO] Grenland Rail sin avsporing mellom Elverum og Hamar. Rapport fra Havarikommisjonen
17. June 2021, kl. 14:10
Rapportens sammendrag:

Statens havarikommisjon

Tysdag 23. juni 2020 spora eit lokomotiv av typen V4 av med éin aksel ved Hjellum mellom Hamar
og Løten på Rørosbanen. Dette var den andre avsporinga med denne lokomotivtypen på under to år
medan lokomotivet har vore brukt til togframføring.

Avsporinga oppstod på grunn av ein sporfeil beståande av høgdefeil og vindskeivheit, i
kombinasjon med lokomotivet sine gangeigenskapar i maksfart. Dette førte til at ein aksling blei
løfta av skjenegongen.

Bane NOR SF hadde identifisert høgdefeilen i sporet før avsporinga, men feilen var ikkje så stor at
det var naudsynt å setje inn umiddelbare tiltak. Det er såleis ein type sporfeil som finst i
jernbanenettet, og som ein ventar at alle typar materiell skal vere i stand til å handtere. Når same
sporfeilen viser seg på same staden år etter år, er dette eit teikn på at måten den blir reparert på,
ikkje gjev noka varig løysing på problemet.

I undersøkinga etter avsporinga ved Bryn i 2019 peikte ein på den stive og nikkande gangen til
denne materielltypen som svært uheldig. Denne undersøkinga dreg òg fram dette som ein faktor, og
ved framføring i maksimal fart vil dette bli verre når ein treff på høgdefeil og eit vindskeivt punkt i
sporet.

Havarikommisjonen fremjar ei tryggleikstilråding der Grenland Rail AS blir beden om å gjere ei
risikovurdering av gangeigenskapane til materiellet i ulik fart. Føremålet med dette vil vere å
klarleggje og finne ut om materiellet har framføringsmessige eigenskapar som ein bør ta omsyn til
for å unngå fleire avsporingar.
Rapportens sammendrag:


Du finner hovedrapporten her:


[havarikommisjonen.no]

Vil du vite hvilke undersøkelser som pågår finner du det her:

[havarikommisjonen.no]




Oppdatert 1 gang(er). Siste gang oppdatert 17.06.2021 14:14 av Jernbane.Net.


Beklager, du har ikke tillatelse til å legge inn / svare i dette forumet.