Jernbane.net

Velkommen! Logg Inn Opprett en ny profil

Avansert
Støtt oss
Re: Torpo rives?
Jørgen Sundt
22. September 2021, kl. 07:44
Vurderer å rive Torpo stasjon
Bane NOR vil kvitte seg med stasjonsbyningen. Det kjem fram i eit nabovarsel som nyleg vart sendt ut. Bygget frå 1907 har dei siste åra stått og forfalle.


Anna Huseby
ah@hallingdolen.no
Publisert: 20.09.2021 04:10
Sist oppdatert: 09:54
Det er Bane NOR Eiendom AS som står som eigar av bygget. Dei har no sendt ut eit varsel om riving til naboane på Torpo.


– Stasjonsbygget på Torpo har stått tomt i mange, mange år fordi ingen dessverre har vore interessert i å leige det, seier Gunnar Aase, eigedomssjef for sør/øst i Bane NOR. Stasjonen er no i så dårleg forfatning at det kan vere farleg.

Skulle nokon melde interesse for bygningen, kan det likevel finnast ei løysing.

– Ikkje forsvarleg
Ifølgje Bane NOR er det mangelen på bruk som har gjort at bygget har forfalle.

– Derfor er det no i så dårleg stand både ute og inne at me har nådd eit punkt der det ikkje er forsvarleg å la det stå lenger. Me tek sikkerheit på alvor og ser at det kan gå gale viss nokon skulle kome seg inn, seier Gunnar Aase. Han legg til at det aller beste for gamle bygg er at dei blir brukt.

– Dersom nokon har tenkt på at dei gjerne skulle leigd huset til dømes som kontor, så ta gjerne kontakt, held han fram.


Fungerande kommunikasjonssjef i Bane NOR Eiendom, Stine Strachan, opplyser i ein e-post til Hallingdølen at dei har prøvd å leige ut huset fleire gonger. Sjølv om nabovarselet no er sendt ut, har dei ikkje levert rivingssøknad enno. Det treng derfor ikkje vere for seint.


Torpo stasjon vart opna i 1907. Men i fleire tiår har bygget stått ubrukt. No må Bane NOR rive huset, med mindre nokon melder at dei er interessert i å bruke det. Då er dei opne for dialog. Foto: Anna Huseby
Opne for diskusjon
Strachan fortel vidare at bygget ikkje har nokon vernestatus, slik som stasjonen i Nesbyen har. På spørsmål om kvifor dei ikkje har halde bygget ved like sjølv om det har stått tomt, svarar ho slik:

– Me pleier å pusse opp når me veit kven som vil leige og korleis dei vil bruke det. Sidan ingen har vist interesse for å leige bygget på så mange år, har me ikkje kunne bruke pengar på å pusse det opp.


– Har det vore interesse for å kjøpe bygget? Ville det så fall vore aktuelt å selje?


– Det har ikkje vore interesse for å kjøpe bygget, dessverre. Om nokre er interessert å i kjøpe så håpar me dei tek kontakt, svarar Strachan. Dei er opne for å diskutere eit eventuelt sal, men då må ein undersøke om området kan bli regulert til noko anna. I dag har tomta jernbaneformål.

– Bygget ligg veldig nærme sporet, så det egnar seg dårleg som bustad, skriv Strachan.


Torpo stasjon har ikkje hatt persontrafikk sidan 1991. Bygget, som er teikna av arkitekten Paul Armin Due, står no og rotnar på rot. Foto: Anna Huseby
Bygg frå 1907
Torpo stasjon er eit av dei gamle, staselege bygga i jugendstil som vart reist på tidleg 1900-talet - nærmare bestemt i 1907. I 1983 vart stasjonen fjernstyrt, og sidan 1991 har det ikkje vore persontrafikk der. Godstrafikken heldt fram til 1994, før også den vart kutta ut.


Det var arkitekten Paul Armin Due som i si tid teikna bygget. Han stod bak mange av dei flotte stasjonsbygningane langs Bergensbanen, deriblant Flå, Nesbyen, Gol og Ål stasjon.


– Håpar nokon vil redde den
Leiar i Fortidsminneforeininga i Hallingdal, Alveva Hohler, meiner stasjonen er viktig for både Torpo og Ål.

– Nokon burde ta tak og prøve å redde den. Fleire er nøydd til å dra i lag for at slike kulturminne kan bli bevart. Særleg no som fokuset på berekraftig turisme er så stort.

Hohler meiner Ål som kulturkommune bør satse på å ha fleire spennande kulturminne på ein plass. Det vil gje folk større grunn til å halde seg i området lenger, utan å måtte farte vidare frå stad til stad.
Torpo rives?
Knut Andvord (362)
21. September 2021, kl. 23:10
Re: Torpo rives?
Jørgen Sundt (230)
22. September 2021, kl. 07:44
Re: Torpo rives?
Jørgen Sundt (125)
24. November 2021, kl. 16:57
Re: Torpo rives?
Trygve Kåsa (95)
24. November 2021, kl. 23:58
[NO] Jernbanen er ikke et fag lengre !
Ronny Maarud (135)
25. November 2021, kl. 08:50
[NO] Jernbanen er ikke et fag lengre !
Knut Erik Hagen (105)
25. November 2021, kl. 10:00
Re: [NO] Jernbanen er ikke et fag lengre !
Ronny Maarud (101)
25. November 2021, kl. 10:35
Torpo anno 2015
Tore Nilsen (110)
25. November 2021, kl. 13:40
Re: [NO] Jernbanen er ikke et fag lengre !
Trygve Kåsa (85)
25. November 2021, kl. 23:02
Re: [NO] Jernbanen er ikke et fag lengre !
Ronny Maarud (61)
26. November 2021, kl. 08:29
22. September 2021, kl. 07:44
Vurderer å rive Torpo stasjon
Bane NOR vil kvitte seg med stasjonsbyningen. Det kjem fram i eit nabovarsel som nyleg vart sendt ut. Bygget frå 1907 har dei siste åra stått og forfalle.


Anna Huseby
ah@hallingdolen.no
Publisert: 20.09.2021 04:10
Sist oppdatert: 09:54
Det er Bane NOR Eiendom AS som står som eigar av bygget. Dei har no sendt ut eit varsel om riving til naboane på Torpo.


– Stasjonsbygget på Torpo har stått tomt i mange, mange år fordi ingen dessverre har vore interessert i å leige det, seier Gunnar Aase, eigedomssjef for sør/øst i Bane NOR. Stasjonen er no i så dårleg forfatning at det kan vere farleg.

Skulle nokon melde interesse for bygningen, kan det likevel finnast ei løysing.

– Ikkje forsvarleg
Ifølgje Bane NOR er det mangelen på bruk som har gjort at bygget har forfalle.

– Derfor er det no i så dårleg stand både ute og inne at me har nådd eit punkt der det ikkje er forsvarleg å la det stå lenger. Me tek sikkerheit på alvor og ser at det kan gå gale viss nokon skulle kome seg inn, seier Gunnar Aase. Han legg til at det aller beste for gamle bygg er at dei blir brukt.

– Dersom nokon har tenkt på at dei gjerne skulle leigd huset til dømes som kontor, så ta gjerne kontakt, held han fram.


Fungerande kommunikasjonssjef i Bane NOR Eiendom, Stine Strachan, opplyser i ein e-post til Hallingdølen at dei har prøvd å leige ut huset fleire gonger. Sjølv om nabovarselet no er sendt ut, har dei ikkje levert rivingssøknad enno. Det treng derfor ikkje vere for seint.


Torpo stasjon vart opna i 1907. Men i fleire tiår har bygget stått ubrukt. No må Bane NOR rive huset, med mindre nokon melder at dei er interessert i å bruke det. Då er dei opne for dialog. Foto: Anna Huseby
Opne for diskusjon
Strachan fortel vidare at bygget ikkje har nokon vernestatus, slik som stasjonen i Nesbyen har. På spørsmål om kvifor dei ikkje har halde bygget ved like sjølv om det har stått tomt, svarar ho slik:

– Me pleier å pusse opp når me veit kven som vil leige og korleis dei vil bruke det. Sidan ingen har vist interesse for å leige bygget på så mange år, har me ikkje kunne bruke pengar på å pusse det opp.


– Har det vore interesse for å kjøpe bygget? Ville det så fall vore aktuelt å selje?


– Det har ikkje vore interesse for å kjøpe bygget, dessverre. Om nokre er interessert å i kjøpe så håpar me dei tek kontakt, svarar Strachan. Dei er opne for å diskutere eit eventuelt sal, men då må ein undersøke om området kan bli regulert til noko anna. I dag har tomta jernbaneformål.

– Bygget ligg veldig nærme sporet, så det egnar seg dårleg som bustad, skriv Strachan.


Torpo stasjon har ikkje hatt persontrafikk sidan 1991. Bygget, som er teikna av arkitekten Paul Armin Due, står no og rotnar på rot. Foto: Anna Huseby
Bygg frå 1907
Torpo stasjon er eit av dei gamle, staselege bygga i jugendstil som vart reist på tidleg 1900-talet - nærmare bestemt i 1907. I 1983 vart stasjonen fjernstyrt, og sidan 1991 har det ikkje vore persontrafikk der. Godstrafikken heldt fram til 1994, før også den vart kutta ut.


Det var arkitekten Paul Armin Due som i si tid teikna bygget. Han stod bak mange av dei flotte stasjonsbygningane langs Bergensbanen, deriblant Flå, Nesbyen, Gol og Ål stasjon.


– Håpar nokon vil redde den
Leiar i Fortidsminneforeininga i Hallingdal, Alveva Hohler, meiner stasjonen er viktig for både Torpo og Ål.

– Nokon burde ta tak og prøve å redde den. Fleire er nøydd til å dra i lag for at slike kulturminne kan bli bevart. Særleg no som fokuset på berekraftig turisme er så stort.

Hohler meiner Ål som kulturkommune bør satse på å ha fleire spennande kulturminne på ein plass. Det vil gje folk større grunn til å halde seg i området lenger, utan å måtte farte vidare frå stad til stad.
Emne Forfatter Vist Lagt inn
Torpo rives? Knut Andvord 362 21. September 2021, kl. 23:10
Re: Torpo rives? Jørgen Sundt 230 22. September 2021, kl. 07:44
Re: Torpo rives? Jørgen Sundt 125 24. November 2021, kl. 16:57
Re: Torpo rives? Trygve Kåsa 95 24. November 2021, kl. 23:58
[NO] Jernbanen er ikke et fag lengre ! Ronny Maarud 135 25. November 2021, kl. 08:50
[NO] Jernbanen er ikke et fag lengre ! Knut Erik Hagen 105 25. November 2021, kl. 10:00
Re: [NO] Jernbanen er ikke et fag lengre ! Ronny Maarud 101 25. November 2021, kl. 10:35
Torpo anno 2015 Tore Nilsen 110 25. November 2021, kl. 13:40
Re: [NO] Jernbanen er ikke et fag lengre ! Trygve Kåsa 85 25. November 2021, kl. 23:02
Re: [NO] Jernbanen er ikke et fag lengre ! Ronny Maarud 61 26. November 2021, kl. 08:29







Beklager, bare registrerte brukere kan opprette innlegg i dette forumet.

Klikk her for å logge inn